Ein mor–dotter-tur til dei italienske Alpane, med elsykling, fjellturar, 210 millionar år gamle dinosaurspor, italienske matopplevingar og varme kjelder med utsikt mot fjella.

Reklame | Invitert på pressetur til Bormio



Når vi tenker på dei italienske Alpane, er det kanskje først og fremst snødekte fjell, skiheisar og vinterferie som dukkar opp i tankane. Men kva om eg fortel deg at dette området er minst like spennande å besøke når skisesongen er over?

I byrjinga av oktober pakka eg og dottera mi Leanna koffertane og sette kursen mot Bormio, ein liten fjellby nord i Italia. Vi var inviterte til å oppleve ei anna side av denne delen av Alpane, langt unna dei travle vintermånadene.

Leanna er 18 år, og vi deler interessa for både reising, fotografering og nye opplevingar. Eg synest det er noko heilt spesielt med å reise saman med barna når dei har blitt vaksne. Vi får oppleve verda saman på ein annan måte, og skape minne som er våre.

Denne gongen hadde vi berre to heile dagar til å utforske Bormio. Men for nokre dagar det skulle bli!

Vi sykla gjennom vakre fjellandskap, vandra i nasjonalparken, såg 210 millionar år gamle dinosaurspor gjennom kikkert, bada i varme kjelder og fekk ein smakebit av både historia og matkulturen i denne delen av Italia.

Og eg kan allereie avsløre éin ting: Bormio er ein destinasjon eg gjerne vil tilbake til.


Bormio – ein liten fjellby med store opplevingar


Bormio ligg 1 225 meter over havet i Alta Valtellina, i Lombardia-regionen nord i Italia, ikkje langt frå grensa til Sveits. Frå Milano tek det rundt tre timar å køyre hit, og etter kvart som ein nærmar seg, blir fjella stadig høgare og landskapet meir dramatisk.

Byen er kanskje mest kjend som ein skidestinasjon, men Bormio har mykje meir å by på enn vintersport.

Her finn du eit sjarmerande historisk sentrum, italienske restaurantar, termalbad med røter heilt tilbake til romartida og nokre av Europas mest spektakulære fjellvegar.

Området ligg ved Stelvio nasjonalpark, ein av dei største og eldste nasjonalparkane i Italia. Her finn du eit enormt nettverk av turstiar, sykkelruter og fjellområde som berre ventar på å bli utforska.

Og nettopp hausten er ei nydeleg tid å besøke området. Når sommarsesongen er over, senkar roa seg over fjellbygdene. Lauvtrea skiftar farge, lufta blir klarare og dei første snødryssa kan legge seg på dei høgaste toppane.

For oss som er glade i fjell og friluftsliv, er dette verkeleg ein draumedestinasjon.


På to hjul gjennom Stelvio nasjonalpark


Ein av aktivitetane eg hadde gleda meg aller mest til, var å utforske fjellområdet på elsykkel.

Bormio er nemleg eit eldorado for syklistar, anten du likar rolege turar gjennom vakker natur, terrengsykling eller lange, krevjande stigningar på landevegssykkel.

Vi fekk bli med på ein guida elsykkeltur gjennom Stelvio nasjonalpark, med fjellandskap på alle kantar.

Det fine med elsykkel er at ein kan tilbakelegge ganske store avstandar utan å bruke alle kreftene på motbakkane. Ein får framleis vere aktiv, men har samtidig overskot til å nyte landskapet rundt seg.

Og her er det verkeleg mykje å sjå!

Nasjonalparken har eit rikt dyreliv, med mellom anna gemser, hjort og kongeørn. Området er også kjent for den varierte fjellfloraen, og det er lett å forstå kvifor så mange kjem hit nettopp for naturopplevingane.

Eg synest sykling er ein fantastisk måte å oppdage ein ny destinasjon på. Du kjem tett på naturen, kan stoppe akkurat når du vil, og får sett mykje meir enn du ville gjort til fots på same tid.


Sykle dei legendariske vegane frå Giro d'Italia


For deg som er glad i landevegssykling, er Bormio nærmast ein heilag stad.

Her ligg nemleg nokre av dei mest kjende fjellovergangane i internasjonal sykkelsport: Passo dello Stelvio, Passo Gavia og Mortirolo.

Desse fjellvegane har vore åstad for nokre av dei mest dramatiske etappane i Giro d'Italia, det legendariske italienske sykkelrittet.

Særleg Stelvio-passet er eit syn i seg sjølv.

Vegen slyngar seg oppover fjellsida i ei lang rekke hårnålssvingar, med spektakulær utsikt over dalane og fjella rundt. Frå toppen, som ligg 2 758 meter over havet, kan syklistane suse ned dei same svingete fjellvegane som verdas beste ryttarar har konkurrert på.

Det er nesten vanskeleg å forstå korleis det må vere å sykle desse vegane i konkurransefart!

Du treng heldigvis ikkje vere profesjonell syklist for å oppleve området. Det finst sykkelruter på mange nivå, og med elsykkel blir også delar av fjellandskapet meir tilgjengeleg for oss vanlege mosjonistar.

Eg kunne gjerne tenkt meg å reise tilbake hit på ein rein sykkelferie.


Fjelltur med utsikt til 210 millionar år gamle dinosaurspor.


Området rundt Bormio byr også på fantastiske moglegheiter for fjellturar.

Vi fekk vere med på ein guida tur i Cancano-området, der landskapet opnar seg med store fjellmassiv, vakre dalar og dei karakteristiske innsjøane Lago di Cancano og Lago di San Giacomo.

Men denne fjellturen skulle vise seg å by på noko heilt utanom det vanlege.

For berre eitt år sidan vart det nemleg gjort eit oppsiktsvekkande funn i dette fjellområdet.

I september 2025 oppdaga naturfotografen Elio Della Ferrara tusenvis av fossile fotavtrykk etter dinosaurar som levde her for rundt 210 millionar år sidan.

Ja, du las riktig. Dinosaurar – midt i dei italienske Alpane!

Funnet blir rekna som eit av dei viktigaste av sitt slag i Alpane. Spora strekkjer seg over eit område på fleire kilometer og finst på fjellveggar som i dag nesten står loddrett.

Det mest fascinerande er kanskje at landskapet såg heilt annleis ut den gongen dinosaurane levde her.

Der vi i dag ser høge fjell og bratte fjellsider, fanst det ein gong eit varmt, grunt kystområde. Dinosaurane gjekk rundt på mjuk, fuktig botn og etterlet seg fotavtrykk som seinare vart bevarte i bergartane.

Gjennom millionar av år har enorme geologiske krefter løfta og folda landskapet, slik at spora no ligg høgt oppe i fjellsidene.

På turen fekk vi sjå dei gjennom kikkert, og eg har faktisk bilde av spora!

Det var ei ganske spesiell kjensle å stå der og tenke på at vi såg avtrykk etter dyr som vandra rundt på jorda lenge før menneska eksisterte.

Og at dei først vart oppdaga i 2025, seier litt om kor mykje som framleis kan ligge gøymt i naturen.

Dette er definitivt ei av dei mest spesielle naturopplevingane eg har hatt på lenge.


Hjortebrøl i haustfjellet


Hausten er også ei spennande tid å besøke Stelvio nasjonalpark fordi det er brunsttid for hjorten.

I denne perioden kan ein høyre dei kraftige brøla frå hjortebukkane som konkurrerer om merksemda til kollene.

Det er ei heilt spesiell stemning i fjellet når mørket byrjar å falle på, og lyden av hjortebrøl ber gjennom dalane.

Med ein lokal guide får ein ikkje berre hjelp til å finne dei beste stadane, men også lære meir om dyrelivet, landskapet og historia til området.

For meg er nettopp slike opplevingar noko av det finaste med å reise. Ein får sjå naturen med nye auge, og lære noko ein ikkje visste frå før.

Varme kjelder og spa med utsikt over Alpane


Etter aktive dagar i fjellet er det få ting som slår å senke kroppen ned i varmt vatn.

Og akkurat dette har Bormio vore kjent for i nesten 2 000 år.

Allereie i romartida vart dei naturlege varme kjeldene i området brukte til bad og velvære. Den romerske forfattaren Plinius den eldre omtala dei varme kjeldene i området på 100-talet etter Kristus.

Vi besøkte QC Terme Bagni Vecchi, eit historisk spaanlegg som ligg spektakulært til i fjellsida over Bormio.

Her er det fleire ulike basseng og bad, både innandørs og utandørs, og delar av anlegget er bygde inn i sjølve fjellet.

Det mest ikoniske er kanskje utandørsbassenget med panoramautsikt over dalen og fjella rundt.

Å ligge i varmt vatn medan ein ser utover det dramatiske alpelandskapet, er ei oppleving i seg sjølv.

Eg likar spesielt godt kontrasten mellom det aktive friluftslivet og moglegheita til å roe heilt ned etterpå.

Og for ein mor–dotter-tur er dette ein perfekt aktivitet å kombinere med fjellturar og sykling.

Her kan ein lett bruke fleire timar, og eg vil absolutt anbefale å sette av god tid dersom du besøker Bormio.


Ein spasertur gjennom gamle Bormio


Det er lett å bli oppslukt av fjella rundt Bormio, men sjølve byen fortener også eit besøk.

Vi fekk vere med på ei guida vandring gjennom det historiske sentrum, der smale brosteinsgater, gamle steinhus og vakre bygningar fortel historia om ein by som har vore eit viktig knutepunkt i Alpane gjennom hundrevis av år.

Bormio var allereie i mellomalderen ein viktig handelsstad langs ferdselsårene mellom Italia og områda nord for Alpane.

Det ser ein framleis spor etter i arkitekturen.

Eit av dei mest kjende samlingspunkta er Piazza del Kuerc, med det karakteristiske gamle rådhusområdet og historiske bygningar rundt plassen.

Eg synest slike små italienske fjellbyar har ein heilt eigen sjarm.

Her finn du små butikkar, kafear og restaurantar, og det er fint å berre rusle rundt utan noko spesielt mål.

For sjølv om vi reiser til fjella for å vere aktive, er det også noko av det eg likar aller best med Italia: å sette seg ned, bestille ein god kaffi og berre sjå på livet rundt seg.

Ein smak av Valtellina – italiensk matkultur i fjellet


Ein tur til Italia er sjølvsagt ikkje komplett utan gode matopplevingar.

Og i Valtellina har dei sin heilt eigen matkultur, sterkt prega av livet i fjella.

Her er ost, spekemat, bokkveite og lokale råvarer viktige ingrediensar i tradisjonelle rettar.

Ein av dei mest kjende spesialitetane er pizzoccheri, ein pastarett laga av bokkveite, som gjerne blir servert med poteter, grønsaker, ost og smør.

Det høyrest kanskje enkelt ut, men dette er skikkeleg italiensk fjellmat!

Vi fekk også smake lokale ostar som Bitto og Valtellina Casera, og bresaola, det lufttørka storfekjøtet som området er kjent for.

Bormio ligg dessutan i ein region med lange tradisjonar for vinproduksjon. I Valtellina blir det dyrka Nebbiolo-druer i bratte, terrasserte vinmarker, og her blir det produsert både elegante raudvinar og den kraftigare Sforzato di Valtellina.

Det er noko spesielt med å oppleve ein stad gjennom maten. Smakane fortel mykje om både historia, klimaet og menneska som bur der.

Besøk i dei historiske Braulio-kjellarane


Ei anna spennande oppleving var besøket hos Braulio, den lokale urtelikøren som har blitt produsert i Bormio sidan 1875.

Vi fekk besøke dei historiske kjellarane og lære meir om korleis denne spesielle italienske bitteren blir laga.

Braulio er ein såkalla amaro, ein tradisjonell italiensk bitterlikør laga med urter, røter og andre botaniske ingrediensar.

Han blir lagra på eikefat, og har ein karakteristisk smak som er tett knytt til fjellområda rundt Bormio.

Det var interessant å få eit innblikk i korleis eit lokalt produkt har utvikla seg til å bli kjent langt utanfor den vesle fjellbyen.

Og sjølv om eg først og fremst kom til Bormio for naturen, synest eg slike bedriftsbesøk er ein fin måte å bli betre kjend med kulturen og tradisjonane i området på.

Agriturismo Rini – å bu tett på det ekte Italia


Under opphaldet budde vi på Agriturismo Rini, ein sjarmerande overnattingsstad like utanfor sentrum av Bormio.

Ein agriturismo er ei form for italiensk gardsturisme, der overnatting og matopplevingar er knytte til lokal landbruksdrift.

Og nettopp dette er noko av det som gjer slike stadar så fine å bu på.

Agriturismo Rini kombinerer tradisjonell alpestil med moderne komfort, og har rom og leilegheiter innreidde med naturmateriale, mykje treverk og varme detaljar.

Her er det også ein restaurant som legg stor vekt på lokale råvarer og tradisjonelle rettar frå Valtellina.

Familien bak Rini driv landbruk og produserer mellom anna eigne meieriprodukt, og mykje av maten som blir servert, har ei tydeleg tilknyting til garden og området rundt.

Eg likar veldig godt denne typen overnatting når eg reiser.

Det gir ei litt anna oppleving enn å bu på eit stort, tradisjonelt hotell. Ein kjem tettare på staden, matkulturen og menneska som bur der.

Og med Bormio sentrum og fjellområda like i nærleiken, er dette eit fint utgangspunkt for både aktive dagar og rolege kveldar.

Kvifor reise til Bormio utanom vintersesongen?


Det er kanskje nettopp dette som overraska meg mest med turen.

Bormio er ein kjend skidestinasjon, men området har så mykje å tilby resten av året at det nesten er synd å berre forbinde det med vinterferie.

Her kan du fylle dagane med fjellturar, sykling, naturopplevingar, historiske severdigheiter og god mat.

Samtidig er det ein destinasjon der du fint kan kombinere aktivitet med avslapping.

Du kan starte dagen på sykkel i fjellet, bruke ettermiddagen i varme kjelder og avslutte med ein god italiensk middag.

Og du treng ikkje vere ein ekstrem friluftsentusiast for å ha glede av området.

Det finst opplevingar for mange ulike nivå, frå rolege spaserturar og enkle sykkelturar til lange fjellturar og nokre av Europas mest krevjande sykkelstigningar.

For meg er det nettopp kombinasjonen som gjer Bormio så interessant..

Mor–dotter-tur til dei italienske Alpane


Det aller finaste med denne turen var likevel å få oppleve alt saman med Leanna.

Eg har alltid vore glad i å reise, og noko av det eg set mest pris på, er å få dele opplevingane med døtrene mine.

No som dei har blitt vaksne, har desse turane fått ein litt annan dimensjon.

Vi deler mange av dei same interessene, og det er kjekt å kunne vere både mor og reisefølgje. Vi fotograferer, oppdagar nye stadar, smakar på ny mat og får opplevingar som vi kjem til å snakke om lenge etter at vi har kome heim.

Og eg trur faktisk slike turar er noko av det finaste ein kan prioritere å bruke tid og pengar på.

Ein treng ikkje reise langt eller vere borte i fleire veker for å skape gode minne.

Nokre gonger er to heile dagar i ein liten italiensk fjellby meir enn nok til å fylle både kamerarullen og minnebanken.

Bormio gav oss ein liten smakebit på alt det italienske Alpane har å by på utanom vinteren.

Og det gav definitivt meirsmak.

Neste gong håpar eg vi får enda fleire dagar til å utforske fjella, sykkelrutene og dei små landsbyane i Valtellina.

For hit vil eg gjerne tilbake.

Praktiske tips til deg som vil besøke Bormio


Kvar ligg Bormio?

Bormio ligg i Lombardia-regionen nord i Italia, rundt 200 kilometer frå Milano, i den øvre delen av Valtellina-dalen.

Korleis kjem ein seg dit?

Du kan fly til Milano-området og reise vidare med leigebil eller kollektivtransport. Frå Milano tek det om lag tre timar med bil, avhengig av trafikk og føre. Leigebil gir god fleksibilitet dersom du vil utforske fleire fjellområde.

Når bør du reise?

Sommaren og tidleg haust er flotte periodar for fjellturar og sykling. September og byrjinga av oktober kan by på vakre haustfargar og færre besøkande, men ver merksam på at høgfjellsvegane kan bli stengde ved snøfall.

Kva bør du oppleve?

  • Sykling i Stelvio nasjonalpark, gjerne med elsykkel
  • Fjellvegane Passo dello Stelvio og Passo Gavia
  • Fjellturar i Cancano-området
  • Termalbad på QC Terme Bagni Vecchi
  • Det historiske sentrum av Bormio
  • Lokal mat frå Valtellina
  • Omvising i dei historiske Braulio-kjellarane

Kvar kan du bu?

Vi budde på Agriturismo Rini, som kombinerer lokal matkultur, alpestil og ei fin plassering nær Bormio.

Nyttige lenker:



Denne turen vart gjennomført i samarbeid med Bormio og deira representantar. Alle opplevingar og vurderingar i artikkelen er mine eigne.

Foto: Ingeborg Sol Fure og Leanna Isabel Løbø