grand hotel oslo

Hotellfoto · interiør · mat · atmosfære · reiselivsinnhald


grand hotel oslo

Hotellfoto · interiør · mat · atmosfære · reiselivsinnhald


Eit historisk hotell – fortalt gjennom lys, detaljar og atmosfære.


Grand Hotel er ein stad der arkitektur, historie, interiør og hotelloppleving møtest. Mitt oppdrag har vore å produsere profesjonelle foto som løftar fram hotellet og gir eit visuelt inntrykk av korleis det er å vere gjest her.

For hotellfoto handlar for meg om meir enn å dokumentere rom og fasilitetar. Bileta skal skape ei kjensle – og få den som ser dei til å kunne førestille seg sjølv på staden.

01 — Hotellet

Arkitektur · interiør · rom · detaljar


Gjennom fotograferinga har eg jobba med å vise både heilskapen og dei små detaljane som gir hotellet karakter.

Rom, fellesareal, arkitektur og interiør blir fotograferte med fokus på lys, komposisjon og atmosfære – slik at bileta både dokumenterer hotellet og formidlar identiteten til staden.

02 — Opplevinga

Mat · menneske · stemning


Eit hotell er mykje meir enn rommet ein søv på.

Det er kaffien om morgonen, frukosten, lyset gjennom vindauget, detaljane i interiøret og stemninga i romma.

Difor ønskjer eg også å fange dei små augeblikka som til saman fortel historia om eit opphald – og som kan få ein potensiell gjest til å tenkje: Dit har eg lyst til å reise.

03 — Ein visuell innhaldsbank

Nettside · sosiale medium · marknadsføring


Målet med produksjonen er å gi hotellet ein variert og profesjonell bildebank som kan nyttast på tvers av eigne digitale flater.

Ved å kombinere oversiktsbilete med detaljar, mat, interiør og stemningsbilete får hotellet eit visuelt materiale som kan brukast til å fortelje ulike historier gjennom året.

Mi rolle

Hotellfoto · interiørfoto · matfoto · detaljar · atmosfære · reiselivsinnhald


Dette er den typen hotellproduksjon eg likar aller best: å få tid til å sjå staden, finne lyset og oppdage dei detaljane som gjer akkurat dette hotellet til noko eige.

For dei beste hotellbileta skal ikkje berre vise kvar du skal bu.

Dei skal få deg til å lengte etter å vere der.



Treng hotellet dykkar ein ny visuell historie?


Eg produserer foto, film og innhald som fangar både staden, detaljane og kjensla av å vere gjest.