Hurtigruten Svalbard


FRÅ DIGITAL REPOSISJONERING TIL INNHALDSPRODUKSJON PÅ 80° NORD.


Hurtigruten Svalbard


FRÅ DIGITAL REPOSISJONERING TIL INNHALDSPRODUKSJON PÅ 80° NORD.


FRÅ DIGITAL REPOSISJONERING TIL INNHALDSPRODUKSJON PÅ 80° NORD.

01 — Reposisjonering av Hurtigruten Svalbard i sosiale medium


Strategi · innhaldsplan · produksjon · publisering · drift


Oppdraget starta med eit ønske om å løfte og vidareutvikle Hurtigruten Svalbard sin Instagram-kanal – både visuelt og strategisk.

Målet har vore å skape ein tydelegare identitet og la kanalen formidle meir av det som gjer Svalbard unikt: naturen, lyset, menneska, historia og opplevingane – samtidig som innhaldet skal inspirere til å faktisk reise hit.


Eg jobbar med strategi, innhaldsplanlegging, historieforteljing, foto, film, tekst og publisering, med ein tydeleg raud tråd gjennom kanalen.


Ein viktig del av arbeidet er å gå frå å berre vise fram produkt til å fortelje historier rundt dei – og byggje eit visuelt univers som gjer at publikum får lyst til å vere ein del av det.

02 — Innhaldsproduksjon på MS Serenissima


Foto · film · nettside · kampanje 2027


Hausten 2026 gjekk eg om bord på ekspedisjonsskipet MS Serenissima for eit omfattande produksjonsoppdrag for Hurtigruten Svalbard.


Gjennom seilasen produserte eg ein ny bilde- og filmbank som skal brukast i marknadsføringa av skipet og ekspedisjonane i 2027.

Oppdraget handla om å dokumentere heile opplevinga – ikkje berre skipet, men livet om bord og møtet med den arktiske naturen: lugarar, måltid, detaljar, gjester, ekspedisjonar, landstigingar, guidar og landskapet vi segla gjennom.


Målet var å skape eit visuelt materiale som kan leve på tvers av nettsider, kampanjar og digitale kanalar – og som formidlar korleis det faktisk kjennest å vere med på ei slik reise.

03 — Promotering av ekspedisjonen


Influensarsamarbeid · storytelling · foto · reels


Den tredje delen av samarbeidet kombinerte rolla mi som profesjonell innhaldsprodusent med mine eigne kanalar.


Under og etter ekspedisjonen delte eg opplevingar frå MS Serenissima med mitt eige publikum gjennom foto, film, reels og historieforteljing.


Her kunne eg formidle reisa frå eit personleg perspektiv – frå livet om bord til møte med natur, historie og stader få menneske får oppleve.

For meg er dette noko av styrken i denne typen samarbeid: Eg kan både produsere profesjonelt innhald for merkevara sine eigne flater, og samtidig fortelje historia vidare gjennom mine eigne kanalar på ein personleg og truverdig måte.

Mi rolle


Strategi og reposisjonering · SoMe-drift · innhaldsplanlegging · foto · film · reels · tekst og storytelling · kommersiell innhaldsproduksjon · promotering i eigne kanalar


Samarbeidet med Hurtigruten Svalbard viser godt korleis eg likar å jobbe: ikkje nødvendigvis med éi enkelt leveranse, men med heile historia rundt ei merkevare.

Frå strategien bak kva vi skal fortelje – til kameraet i handa ute i felt, ferdig innhald på skjermen og historia som møter publikum.

Treng de meir enn berre fine bilete?


Eg kan bidra frå strategi og idé til produksjon, publisering og historieforteljing – eller setje saman ei løysing tilpassa akkurat det de treng.