Frå produkt til historie – med norsk natur som utgangspunkt.
LIMPÅ utviklar merkelappar og produkt med fokus på norsk design og produksjon. Samarbeidet vårt starta med eit behov for nytt visuelt innhald, men utvikla seg til eit større prosjekt rundt korleis merkevara skulle sjå ut, kommunisere og fortelje historia si.
Oppdraget kombinerer strategi og merkevarearbeid med profesjonell foto- og videoproduksjon, innhald til digitale flater og kompetansebygging internt.
01 — Strategi & merkevare
Posisjonering · målgruppe · visuell retning · tone of voice
Før kameraet kom fram, jobba vi med fundamentet.
Gjennom workshops såg vi på kven LIMPÅ skal vere, kven dei ønskjer å nå og korleis merkevara kan kommunisere meir tydeleg og gjenkjenneleg på tvers av nettside og sosiale medium.
Natur, tryggleik og norsk design vart viktige element i retninga – både visuelt og i måten historia om produkta blir fortald.
02 — Foto & film
Innhaldsbank · brandfilm · reels · produkt i bruk
Ein viktig del av oppdraget har vore å byggje ein profesjonell og fleksibel innhaldsbank for merkevara.
Gjennom produksjon ute i norsk natur har eg produsert foto, korte filmar og reels som viser produkta i miljøa dei er skapte for.
I staden for berre å vise sjølve produktet, ønskte vi å skape eit univers rundt det – med menneske, natur, detaljar og situasjonar som gir merkevara ei tydelegare kjensle og identitet.
03 — Workshop & kompetanse
Sosiale medium · mobilfoto · film · innhaldsplanlegging
Målet har ikkje berre vore å levere ferdig innhald, men også å gi teamet verktøy til å vidareføre uttrykket sjølve.
Gjennom workshops har vi jobba praktisk med mellom anna sosiale medium, storytelling, foto og film, lys, vinklar, innhaldsplanlegging og korleis ein kan skape godt innhald med utstyret ein allereie har.
Mi rolle
Strategi · merkevareutvikling · workshops · foto · film · reels · brandfilm · innhaldsplanlegging · storytelling
LIMPÅ-prosjektet viser korleis eg gjerne jobbar når eg får kome inn tidleg i prosessen: først finne historia og retninga – deretter skape innhaldet som skal formidle ho.
For godt innhald startar ikkje alltid med kameraet.
Det startar med å vite kva ein ønskjer å fortelje.
Treng merkevara dykkar ei tydelegare historie?
Eg kan bidra frå strategi og visuell retning til ferdig foto, film og innhald for digitale flater.
Hermine kjøsnes, limpå
"Tusen tusen takk for alt du har lært oss, for alt innhaldet du har skapt og for alt engasjementet du har lagt ned i Limpå. Det har og betyr veldig mykje for oss. Du har har vore med oss frå strategi til workshops til produksjon, innhald og lansering, og vi sitte med så mykje verdifull læring.
Vi set også enormt pris på det vennskapet vi har skapt med deg gjennom dette samarbeidet. Du er verkeleg ei fantastisk dame, og vi føler oss utruleg heldige som har fått jobbe saman med deg!"