Langsiktig innhaldsproduksjon for ei merkevare i stadig rørsle.
Samarbeidet mitt med Renault Norge er eit langsiktig samarbeid der eg jobbar med både innhaldsproduksjon og sosiale medium.
Oppdraget kombinerer strategisk og løpande innhald med foto- og videoproduksjon rundt bilar, lanseringar, kampanjar og opplevingar.
For meg handlar bilinnhald om langt meir enn å fotografere ein bil. Det handlar om å plassere bilen inn i eit liv, eit landskap og ei historie – og skape innhald som menneske faktisk ønskjer å stoppe ved.
01 — Sosiale medium
Innhald · tekst · publisering · løpande drift
Eg jobbar med løpande innhald og drift av Renault Norge sine kanalar på Instagram og Facebook.
Her handlar arbeidet om å finne balansen mellom produkt, merkevare og innhald som engasjerer – og å omsetje Renault sitt univers til historier og format som fungerer i sosiale medium.
Det betyr både planlagt innhald og evna til å spele på aktuelle hendingar, sesongar, lanseringar og augeblikk når dei oppstår.
opning av golia tennisbane by renault
02 — Foto & film
Produksjon · reels · kampanjeinnhald · innhaldsbank
Som ein del av samarbeidet produserer eg jamleg nytt foto- og videomateriale for Renault Norge.
Produksjonane tek bilane ut av studio og inn i miljø der dei høyrer heime – på vegen, i byen, langs fjorden eller på veg mot neste oppleving.
Eg produserer både foto, reels og kortformatvideo til sosiale medium og anna digital bruk, med fokus på å kombinere produktet med sterke visuelle historier.
03 — Lanseringar & kampanjar
Nye modellar · events · storytelling · innhald
Samarbeidet har også teke meg med på lanseringar og arrangement der nye modellar og historier skal formidlast raskt og visuelt.
Her produserer eg innhald rundt både bilen, designet, opplevinga og menneska – tilpassa kanalane der publikum møter Renault.
Det gir ein kombinasjon av planlagde produksjonar og meir spontan historieforteljing frå det som skjer der og då.
Mi rolle
SoMe-drift · innhaldsplanlegging · foto · film · reels · tekst · storytelling · kampanjeinnhald · event og lanseringar
Samarbeidet med Renault Norge viser verdien av å jobbe langsiktig med ein merkevare.
Når eg kjenner merkevara, produkta og kanalane over tid, kan eg både planleggje strategisk og reagere raskt når nye moglegheiter oppstår.
Resultatet er ikkje berre enkeltståande produksjonar, men eit stadig veksande visuelt univers og ei tydelegare historie rundt merkevara.
Treng de ein kreativ samarbeidspartnar over tid?
Eg jobbar både med enkeltproduksjonar og langsiktige samarbeid innan foto, film, sosiale medium og historieforteljing.