Historier frå fjellet – skapte medan vi er midt i dei.
Samarbeidet med Visit Jotunheimen handlar om å formidle noko av det som gjer fjellområdet så spesielt: naturen, hyttene, menneska og opplevingane mellom dei.
Gjennom foto, film og historieforteljing produserer eg innhald som Visit Jotunheimen og reiselivsaktørane i området kan bruke til å inspirere fleire til å oppleve fjellet – gjennom ulike årstider og på ulike måtar.
01 — Destinasjonsinnhald
Natur · fjell · aktivitet · opplevingar
Å fotografere ein destinasjon handlar for meg ikkje berre om å dokumentere korleis landskapet ser ut.
Eg ønskjer å formidle kjensla av å vere der.
Lyset over fjella. Sekken som blir sett ned etter ein lang etappe. Kaffikoppen utanfor hytta. Vêret som skiftar. Menneska ein møter undervegs.
Det er summen av desse augeblikka som skaper reiselyst – og som gjer at ein destinasjon får sin eigen identitet.
02 — Foto & film for reiselivsaktørane
Innhaldsbank · hytter · aktivitetar · vertskap
Gjennom samarbeidet produserer eg profesjonelt foto- og videomateriale frå både naturen, aktivitetane og overnattingsstadene i området.
Målet er å skape ein variert innhaldsbank som kan nyttast av Visit Jotunheimen og dei involverte aktørane på nettsider, i sosiale medium og i marknadsføring over tid.
Det betyr å dokumentere både dei store landskapa og dei små detaljane – frå fjellturen ute til varmen, maten og menneska som møter deg når du kjem fram til hytta.
03 — Historia om heile reisa
Hytte til hytte · foto · film · eigne kanalar
Noko av det finaste med destinasjonsproduksjon er å kunne følgje ei oppleving frå start til slutt.
På tur gjennom Jotunheimen dokumenterer eg ikkje berre kvar enkelt stad, men sjølve reisa mellom dei. Det gir høve til å fortelje ei større historie der landskapet, hyttene og opplevingane blir knytte saman.
Samtidig deler eg utvalde delar av reisa gjennom mine eigne kanalar, slik at publikum får følgje opplevinga medan historia utviklar seg.
Mi rolle
Destinasjonsfoto · film · reels · innhaldsbank · storytelling · reiseinnhald · publisering i eigne kanalar
Visit Jotunheimen er eit godt døme på korleis eg ønskjer å jobbe med reiseliv: tett på staden, menneska og opplevingane.
For dei sterkaste reiselivshistoriene blir sjeldan skapte frå eit skrivebord.
Dei må opplevast først.
Skal fleire få lyst til å oppleve dykkar destinasjon?
Eg produserer foto, film og historier som viser meir enn korleis ein stad ser ut – dei skal gi ei kjensle av korleis det er å vere der.
mari wedum
Visit Jotunheimen:
Eg oppdaga Ingeborg på Instagram. Opp-ned på hendene i gul drakt på Sognefjellsvegen. Eit blikkfang på Instagram som umiddelbart fanga interesse og nysgjerrighet. Noko eg fort skulle erfare er ein av Sol sine mange sterke sider. Ho er ein fryd å jobbe med, og etter fyrst å ha kome i kontakt med den fargerike, kreative, effektive, tøffe, omgjengelege og fleksible fotografen og innhaldsprodusenten, har det vorte mange givande samarbeid, og vi har fleire i vente!
Vi hyra ho fyrst inn som kurshaldar for våre 72 reiselivsbedrifter knytt til Visit Jotunheimen. Fokus på innholdsproduksjon og foto tilpassa nivået i bedriftene. Dette var så vellykka at vi arrangerte fleire oppfølgingskurs, totalt 3 år på rad.
Sol har allereie hatt fleire oppdrag hjå våre samarbeidsbedrifter i reiselivet, knytt til fotografering og produksjon av levande og engasjerande filmar frå kvar stad. Dette skapar engasjement og merksemd i sosiale kanalar. Dessutan får bedriftene tilgang på profesjonelle bilder som dei kan nytte i egne kanalar og på web. Dette har stor verdi!
Vi opplev Sol som svært profesjonell og effektiv. Ho leverer kjappere enn dei fleste forventer, og det til skyhøg kvalitet i alle ledd! Ho er dessutan fleksibel og tøff, og med på det meste av oppdrag, både høgt og lågt. Og når det er sagt, er ho òg ein tusenkunstnar når det gjeld å ta stemningsfulle bilder innandørs, om det er av baderom, soverom eller levande innemiljø.
Eg vil på det sterkaste anbefale å samarbeide med Solfure. Her har du eit energisk og dyktig «multitool» i ei pakke!