Eitt år med historieforteljing fram mot eit verdsmeisterskap på heimebane.
Frå oktober 2024 til oktober 2025 jobba eg med kommunikasjon og innhaldsproduksjon fram mot VM i vektløfting i Førde.
Oppdraget handla om langt meir enn å dokumentere sjølve meisterskapen. Gjennom eit heilt år skulle vi byggje merksemd, engasjement og forventning rundt eit internasjonalt idrettsarrangement – og samtidig fortelje historiene om menneska, idretten, frivilligheita og vertsstaden.
01 — Kommunikasjon fram mot VM
Strategi · sosiale medium · historieforteljing · presse
I året fram mot meisterskapen jobba eg med å utvikle og produsere innhald som skulle gjere VM relevant også for dei som ikkje følgde vektløfting frå før.
Ein viktig del av arbeidet var å finne historiene bak arrangementet: utøvarane, eldsjelene, dei frivillige og menneska som jobba i kulissane for å få eit verdsmeisterskap til Førde.
Gjennom foto, film, intervju, tekst og sosiale medium bygde vi gradvis opp historia og forventningane fram mot oktober 2025.
02 — Innhaldsproduksjon
Foto · film · reels · intervju · SoMe
Gjennom prosjektperioden produserte eg løpande foto- og videoinnhald til dei digitale kanalane.
Det innebar alt frå planlagde produksjonar og intervju til raske historier og reels knytte til det som skjedde undervegs.
Målet var å gjere kommunikasjonen levande, menneskeleg og tilgjengeleg – og vise at eit verdsmeisterskap er mykje meir enn det som skjer på konkurranseplattforma.
03 — Under meisterskapen
Live innhald · presse · foto · film · kommunikasjon
Då VM endeleg kom til Førde, gjekk prosjektet over i ein heilt annan intensitet.
Gjennom meisterskapen jobba eg tett på arrangementet med kommunikasjon, presse- og mediearbeid og produksjon av innhald frå det som skjedde både på og utanfor scena.
I eit internasjonalt meisterskap der mykje skjer samtidig, handla arbeidet om å kunne sjå historiene medan dei utspelte seg – og raskt gjere dei om til innhald som kunne publiserast og delast.
Oppsummeringfilm VM i vektløfting, filma og produsert i samarbeide med Vedvik Studio
mi rolle
Kommunikasjon · mediearbeid · sosiale medium · innhaldsplanlegging · foto · film · reels · intervju · tekst og storytelling
VM i vektløfting 2025 vart eit omfattande prosjekt som følgde meg gjennom eit heilt år – frå dei første historiene og førebuingane til verdseliten stod på scena i Førde.
Det viser også ei side av jobben min som ikkje alltid er synleg i eit enkelt bilete: evna til å kombinere strategi, kommunikasjon og historieforteljing med rask innhaldsproduksjon når det verkeleg skjer.
Har de eit arrangement eller ei historie som skal ut i verda?
stian grimseth skriv:
“VM i vektløfting er det største idrettsarrangementet norsk jord gjennom tidene basert på deltakernasjoner, 104 nasjonar var representert frå absolutt heile verda.
Sol sitt kreative og innsatsfylte arbeid var svært viktig for at vi når meisterskapen var ferdig kunne smykke oss med utnemninga det beste VM i vektløfting gjennom tidene.
Sol levera sine produkt raskt og presist, og mange av videoane ho leverte til VM fekk ei stor både nasjonal og internasjonal merksemd. Viking filmen der fleire OL meistrar i vektløfting var ikledd viking kostyme og rodde eit vikingskip under kommandoen ro, ro… vart laga hausten 2024, og vi kan jo sei at dette temaet vart tatt litt vidare med vårt kjære landslag under årets fotball VM i USA😊
Eg kan anbefale Sol på det høgaste, ho legg inn det ekstra giret som skal til for å gje ein leveranse som blir det «lille (og ofte det store) ekstra»…”